84571991_2544308939222003_4357194895308357632_n.jpeg

Sundt


Tilstandsanalyser og dokumentasjon av bygningsdeler, avklaringer ved fredingsspørsmål, detaljprosjektering av reparasjonar og nye tiltak, kunnskapsberiking ved tilpassing av fredet betongbygg som møter dagens tekniske løsninger. Prosjektet skulle i utgangspunktet bare skifte ut eksisterande stålvinduer i 5. og 6. et., men etter nærmere undersøkelse av betongen på bygget viste det seg at en totalrenovering var nødvendig.

Prosjektet omfattar no ei utskifting av alle  betongdekker der dragarar, søyler og veggar skal stå att. Alle freda stålvindauge skal skiftast ut med nye som oppfyllar dagens tekniske krav, det skal tilpassast ny bruk i 3.-6.et., og i tillegg gjere taket tilgjengeleg for publikum i form av tak-hage. Det tekniske anlegget skal skiftast ut og byggjast om til eit heilheitleg konsept som blir meir effektivt enn det gamle som stod på bygget. I denne brutale prosessen er utfordringa å behalde så mykje originale materialar som mogleg, og samstundes prosjektere løysingar som er tilfredsstillande sett i samanheng med fredingsvedtaket frå 1988. Ved prosjektering av nye stålvindauge, er det nesten ingen toleranse for endring av geometrien i fasaden. Her har smarte løysingar fått spesiallaga alle stålvindauga til å oppfylle energi og statikk-krav.

Under tilpassing av tak-hagen har det vore særs viktig å leggje til grunn løysingar som ikkje påverkar fjernverknaden og som tilfredsstillar fredingsmyndes syn på nye element som heisoppbygg, rømningsvegar og gesimsar. I tillegg strekkjer prosjektet seg mot kategorien BREEAM EXCELLENT gjennom  optimalisering og oppfølging frå tverrfalgege rådgjevarar.

Bygget skal stå klart for publikum i 2025, der freda overflater i marmor skal møte nye moderne overflater i butikk og kontorlokaler. Markpuss i trappeløp skal utbeitrast, fasaden skal tilbake til sin prakt med ny mineralittpuss eller tilsvarande, nye tilbod i form av servering skal tilretteleggjast for publikum og møte dagens universelle krav, og Sundt-bygget vil få ein ny glød.